Om Stevi

Stevi kjem frå den gong då eg starta planteskulen i København i 1968. Kolltveits Planteskule som hadde vore det naturlege og vanlege, vart for framand for danskane, så eg laga namnet Stevi av stedsegrønne og vidarekulturplanter.

Eg heiter Reidar Kolltveit og har vore sjef sidan den gongen, men 1. januar 2012 vart det Generasjonsskifte. Sonen Håkon Børre og kona Silje tok over med masse arbeid og problem, men også utfordringar og gleder som følgjer med det å vera sjølvstendig næringsdrivande, især innan landbruk. Dei er begge utdanna gartnarar og har vore i faget i 15 år. Tilsaman har me 3 gartnarane i planteskulen over 85 års erfaring i faget. Dei to damene som arbeider her har og vore hjå oss i 20-25 år

 

             Rhod. yak. Lumina

   Taxus media Hillii i 1 L co                           

               

Taxus media Hillii

Me har  småplanter av nåletre og Rhododendron som spesialitet, stiklingsformeiring og litt poting, Me stikk i varmhus. Når stiklingane har rota seg, pottar me dei opp i 9 cm potter. Etter ein sesong vert dei klyppte og potta opp i 1 liter potter, og etter omlag ein ny vekstsesong, eller stundom to, kan dei seljast. Me ser at marknaden forandrar seg og kjem etterkvart til laga meir av plantene ferdige. Fleire harde vintrar har gjort at me har flytta mesteparten av produksjonen inn i plasthus. For å få ein fin kvalitet på plantene, gjev me dei også her god avstand.

Me har nå 500 m2 glashus til formeiring o.l., og omlag 8.000 m2 plasthus til vidare dyrking. Utearealet vert for det meste brukt til morplanter.

Me har kundar over heile landet, opp til og med Trøndelag, og leverer fraktfritt ved kjøp over kr. 50.000 eks. mva dersom det ikkje ligg altfor langt utanfor alfarveg. Alt etter kor store og dyre plantene er, går det for kr. 4000 - 8.000 i ein kasse på knapp 1 m3. 

 

 

Ein stor import av planter til Norge utgjer eit aukande smittepress av sjukdomar og skadedyr, mellom anna Phytophtora ramorum. Me legg difor stor vekt på førebyggjing og reinhald. Me dampar alle brukte potter, tek ikkje brukt emballasje i retur og høgtrykkspylar plasthusa med varmt vatning mellom kvart hald planter. Dette er og godt mot ugras. Me har heller ikkje importert Rhododendron på mange år p.g.a. mogeleg Phyphtorasmitte. Me vil og nemna at når du kjøper planter hjå oss, så er kvar einaste plante laga her i planteskulen!

    18 nye hus a 220 m2 i alt har me 50 slike hus, nokre litt kortare enn desse.  

                                               

        Ein annan stad på heimesida vår vil du finna ei liste over kva planter me har for salg, og me vil freista å halda den ajour i høve til kva planter som er ikkje er utselde. Du vil og kunna sjå kva tid den sist er oppdatert. Vil du også ha prisar (engros), så ta kontakt via e-post eller telefon så skal me senda dei.Me sender kvart år, tidleg på hausten, ut ei liste over kva planter me har og prisar. Til nå har me send den på papir, men me er nå gått over til E-post.

 Svart duk utan skøytar i nytt hus