 |
cat. Grandiflorum |
Lys lilla, ikkje ulik Roseum Elegans, men er meir fiolett. Gamal, hardfør sort.
Høg,2 m og meir med åra. |
2m |
 |
JUNIFEUER |
blomstrar seint med raude blomar som held fargen. Dei nye skota er også raude.
Etter mi meining ein flott sort, ikkje minst fordi den blømer når dei fleste andre er ferdige, men er kanskje ikkje den meist hardføre. Vert 1m og halvannan høg. Er noko treg med å starta bløming. |
1m |
 |
Cunningsham's White |
er, som namnet seier, for dei som kan engelsk, kvit. Blømer heller tidleg til å vera av dei gamle, hardføre sortane. Kjem og med ein og annan blomen seinare på sumaren. Vert tett med klypping, og er brukt til hekk. Den skal vera meir kalktolerant enn mange Rhod. Vert og brukt som grunnstamme ved poting. |
1 – 2 m høg. |
 |
imp. RAMAPO |
er heller låg, robust og hardfør. Tidleg og lillarosa. Tåler godt saksa! |
|
 |
insigne BRIGITTE |
har blomar i ein spesielt "lysande" rosafarge. Den har eit flott bladverk med avlange, mørke glinsande blad, som diverre stundom vert skjemde av tegeangrep. Kan verta sers tett ved klypping. Relativt tidleg. Vel meteren høg. |
Vel meteren høg. |
|
repens
SCARLET WONDER |
er relativt låg, med sterkt raude blomar tidleg i mai, og har mørkt glinsande bladverk, store raudbrune blm.knoppar. Hardfør.
Mykje brukt sort. |
|
 |
wardii Goldbukett |
er som dei tyskkunnige vil fostå, gul,men fargen skiftar ein heil del frå knopp til utsprungen blom. Flott bladverk. . Blm. siste del av mai. |
Omlag 1 m høg |
 |
wardii Goldkrone |
er som dei tyskkunnige vil fostå, gul,men fargen skiftar ein heil del frå knopp til utsprungen blom. Flott bladverk. Blm. siste del av mai. |
Omlag 1 m høg. |
 |
williamsianum GARTENDIREKTOR GLOCKER |
er trass i det innvikla namnet ein fin sort med masse raudrosa blomar, store brune blm. kn. som syner godt, og dei nye skota er kraftig raudbrune. |
Rundt meteren |
 |
will. VATER BØHLJE(Tysk, utt. Fater Bøhlje). |
Har rosalilla blomar som kanhende ikkje er av dei aller finaste, mener ei utruleg tett og fin plante, med masse store raudbrune blomsterknoppar. Kuleforma, skal vera sers hardfør.
Relativ tidl. blm., |
vel ein halvmeter høg. |
 |
yak. BARMSTEDT |
har raude blomar, er tett og dei nye blada er mest kvite. Fin til hekk.Litt sein med å starta bløming |
|
 |
yak. FANTASTICA |
svarar verkeleg til namnet sitt! Masse store raude blomar som er mest kvite inni. Nye blad mest kvite. Hardfør og tett,
Ein av favorittane mine! |
vel ein meter. |
|
yak. KALINKA |
er nokså lik Polaris, men lagar veldig tette planter, fin til ein låg hekk, ikkje så raskt ute med bløming som Polaris. |
|
 |
yak. Koichiro Wada |
serdeles tett, rosa/kvite blm. i mai/juni
Blada har filt på undersida, nye blad mest kvite. Også flott utan blomar! |
vert ca 0.5 m høg |
 |
yak. LAMPION |
Masse flotte skarlagensfarga blomar som diverre bleiknar etterkvart som så mange yak. Låg, veldig tett og med tidleg bløming. Sers dekorativ, med masse store brunraude blm.kn. Kan vera noko utsett for teger. |
|
 |
yak. Lumina |
har flotte rosa blm i mai. Fint bladverk med store blad, sers hardfør,
Ein av favorittane mine, men blomane bleiknar noko etterkvart. |
1 m |
 |
yak. MORGENROT |
minnar mykje om Fantastica i blm. men bladverket er noko annleis. Bra sort,men ikkje så hardfør som Fantastica |
|
 |
yak. PERCY WISEMAN |
har ein heilt spesiell blm.farge i gul/rosa /oransje, ja litt vanskeleg å beskriva, men fin, men vert blass etterkvart. Triveleg i veksten.
|
Vel ein meter. |
|
yak. POLARIS |
er kanskje den aller best kjende yak.hybriden. Hardfør, som namnet seier, tette,fine planter som set blm. knoppar som ganske ung plante. Rosa blomar, |
ca 1 m. |
 |
yak. SCHWANENSEE |
Rein kvit.
|
Vel ein meter. |
|
yak. Schneekrone |
Vel 1 m. Den reinast kvite sorten me har. Kraftig vekst, relativt sein bløming.Blada brunfilta på undersida |
|
|
yak. SILBERWOLKE |
rosa i starten, men vert kvit. Flott bladverk, |
middels høg. |
|
Me kjem og til å få fleire sortar etterkvart, men det er med Rhododendron som med Taxus: Uendeleg mange sortar og mange nokså like einannan, så det kan vera vanskeleg å begrensa seg. |
Ein må alltid ta oppgjeven storleik med minst ei klype salt, den er avhengig av så mangt, både gjødsel, jord, drenering, ph,sol og alder. Mange er redde for planter som vert "for store", men gløymer at når plantene har nådd denne uønskte storleiken, er dei sjølve på aldersheim eller kanskje det som verre er.
Rhododendronplanter som er vortne opne og mindre fine etterkvart, kan ein ofte med stort hell skjera kraftig attende , men det må gjerast tidleg på våren, slik at dei nye skota som då gjerne kjem i massevis, får mognast av før frosten kjem.
Vil du vita meir om desse og andre sortar, kan eg anbefala boka Rhododendron av Per Jørgensen, Fagbokforlaget, Fagerdalen6, 5035 Bergen- Sandviken.
|
|
|
|
|
|