Litt om hekk og skråningsplanter.

Når eg seier hekk, så er det for meg vintergrøne. For mange er hekk synonymt med Thuja Brabrant og det er synd,ja ikkje i bibelsk forstand, men fagleg. Brabrant er ei ålreit plante,men det finst og andre planter som er fine til hekk. Brabrant skal visstnok kunna verta opptil 20 m høg og 4 m breid, ikkje akkurat for folk som ikkje likar å klyppa hekk.
Thuja Smaragd og Holmstrup var kjende og gode hekkplanter før Barabrantbølgja velta inn over landet.  Little Champion vert ikkje så høg,treng knapt nok klypping. Men det er ingen naturlov som seier at hekk skal vera tuja.

Taxus er sers god til hekk, hardfør, tett og tåler godt klypping og skugge. Den beste, iallfall på Vestlandet, er etter mi meining Thomsens Dwarf. Den er sers tett og har ein veldig mørk farge, dei nye skota er brune, har ikkje bær.. Elles er også cuspidata Nana (med bær), Hillii (ikkje bær) og gode gamle Hicksii (bær) . Den sistnemnde er noko meir open og lufsaleg i veksten enn dei andre.

Thujopsis dolabrata Nana er ei fantastisk plante, men vel ukjend som hekk. Eg har sjølv planta den som hekk. Den veks fort saman i breidda, men treng ikkje klyppast i høgda. Også ei fin skråningsplante.

Rhododendron er ennå ikkje så mykje brukt til hekk, men mange av dei er veleigna til dette. Ein av dei tettaste er Kalinka (rosa blomar i mai). Den er under meteren og treng såleis lite klypping, kanskje litt pinsering i starten(bryta av endeknoppane)Fantastica og Barmstedt er og gode. (raude blm. som er kvite inni). Desse tre er yakushimanum-hybrider som ofte er låge og tette og blømer tidleg (mai)
Hybrider blømer ofte seinare (mai/juni) og treng gjerne litt meir saks for å verta skikkeleg fine. Junifeuer er ein av favorittane mine. Den blømer uti juni, med raude blomar, som i motsetnad til  mange yak. held fargen. Dei nye blada er og nokså  raude, planta vert vel meteren.
Har ein god plass og ein veg eller ein granne som ein vil sjå minst mogeleg til, kan dei store,gamle sortane vera eit alternativ. Dei vert fleire meter høge og er sers hardføre. Roseum Elegans,(rosa) Grandiflorum (fiolett) og Cunningham's White (kvit) er dei mest kjende.
Med alderen kan det henda at dei vert noko opne og stranglete, men det er det råd med. Mange er ikkje klar over det, men mange rododendron kan skjerast hardt ned og vert då utruleg tette. Det er viktig at dette vert gjort tidleg om våren, slik at dei nye skota rekk å avmognast før vinteren. Ein kan missa eit år eller to med bløming, men det verdt den prisen! 
Til skråning er der og ulike alternativ. Eit av dei beste er Microbiota decussata. Den kan vera veldig fin, er heilt flat, sers hardfør og dekkjer mykje og godt. Den vert brun (eller bronsefarga) om vinteren,det er det sume som er skeptiske til og trur dei er daude, men dette er, trur eg, berre noko som gjer dei meir hardføre. Dei vert like grøne og fine som før når våren kjem.Eit minus med sorten er at den kan verta angripen av sopp, helst når dei står noko fuktig.
Til skråningar er også Taxus eit godt alternativ. Summergold er ein av dei beste og mest brukte. Den er, som namnet seier, gul. Den veks kraftig og er knapp halvmeteren høg, men nokså breid. Den kan godt klyppast noko i starten for å få han tettare. Green Mountain er mint-grøn og vert nok nærare meteren, men breid og dekkjer godt. Repandens er heilt låg og mørk grøn, kan vera utruleg fin, men stundom litt vanskeleg, især i produksjon, og likar ikkje, som andre taxus også,  formykje væte.  Farmen vert og brukt i skråningar, men den kan verta opptil eitpar meter høg og ikkje så breidtveksande som Green Mountain. Den kan og vera brukande til ein kraftig hekk dersom ein er innstilt på noko arbeid med hekksaksa.

Thujopsis dolabrata Nana er diverre lite og ikkje brukt til skråningar. Denne er, etter vår meining, ein av dei beste til denne bruken. Den er god å ha med å gjere, er hardfør og treng ikkje å stussast i høgda. Den dekkjer ikkje så mykje som mange andre, men etterkvart vert den 70-80 cm breid.


Ei god og mykje brukt plante til skråningar og også oppå murar er Cotoneaster Coral Beauty. Det er ei kraftigveksande, vintergrøn bladplante, med masse raude bær om hausten. Den vert gjerne ein halv meter høg, i motsetnad til Cotoneaster Hjeltnes som er heilt flat. Her bør greinene stussast noko av og til, ellers vert dei noko ranglete.
Sers mange plantesortar kan brukast i skråningar, det er berre eit spørsmål og kva krav ein har til kor godt dei skal dekka, og kor snart.
Kor tett ein skal planta i hekk og skråningar er helst eit spørsmål om kor travelt ein har det med å få eit ferdig produkt, og kor mykje pengar ein vil bruka. Plantene tek vanlegvis ikkje skade av å stå for tett, sålenge dei ikkje skal, så som i produksjonen, flyttast på større avstand seinare.